– Treng du hjelp til noko i kvardagen?

Mariann Tømmerbakk har eit brennande ønske om å hjelpe andre.

Startar firma: Mariann Tømmerbakk ønskjer gjennom «Marianns hjelpeteneste» å hjelpe til eldre i kvardagen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Vi får fleire og fleire eldre i samfunnet, og det er stort fokus på at desse skal få bu heime så lenge som råd. Om eg kan bidra slik at dei også får ein litt enklare kvardag, er det det som betyr noko for meg

Nyheiter

– Eg har jobba på alders- og sjukeheim i Ørsta før, men helsa gjer at eg ikkje kan halde fram med det. Men eg har framleis lyst til å jobbe med eldre. Det er noko eg trivst svært godt med. Difor prøver eg no ein ny veg, fortel ho.

Tømmerbakk har starta firmaet «Marianns hjelpeteneste». Her kan folk ta kontakt om det er noko dei ønskjer hjelp til i kvardagen.

– Eg tenkjer alt frå å gjere ærend til å følge til lege og sjukehus. Ofte kan det å få besøk og slå av ein prat vere nok. Dette må vere opp til kvar enkelt kva dei ønskjer.

Ho meiner det er stort behov for ei slik teneste.

– Vi får fleire og fleire eldre i samfunnet, og det er stort fokus på at desse skal få bu heime så lenge som råd. Om eg kan bidra slik at dei også får ein litt enklare kvardag, er det det som betyr noko for meg. Kanskje ein kafétur, eit besøk. At eg slår følge i drosja til sjukehuset og er med inn for å hjelpe til. Folk må ikkje vere redde for å spørje, seier ho.

Nokre atterhald er der. Tømmerbakk kan ikkje hjelpe til med medisinske tenester eller andre ting som krev særskild kompetanse. Ho køyrer heller ikkje eigen bil, men kan slå følge i drosje.

– Eg har tenkt lenge på dette, og har også fått god hjelp med Næringskontoret i Ørsta. Eg opplever at folk har trua på meg og denne ideen. Det gjer også at eg tør å satse.

No går ho i gang med å dele ut brosjyrar i postkassene, og vil også gjere desse tilgjengelege på aldersheimane i kommunen.

– Eg håper folk vil ta kontakt. Eg ønskjer å hjelpe og eg håper å kunne vere til nytte for dei som treng det. Ingen oppdrag er for små. Det er berre å ta kontakt, oppmodar ho.