Totalforbod mot vasskuter på vatna

Ørsta kommunestyre har vedteke eit totalforbod mot bruk av vasskuter på innsjøane i kommunen. Det skjedde mot Frp sine røyster.

Vasskuter: Det vert innført ei fartsgrense på åtte knop for vasskuterar og andre fartøy innanfor hundre meter frå land i Ørsta kommune.  Foto: SEA DOO

Nyheiter

– Det vi reagerer på er at det vert innført ei forskrift som berre skal gjelde ein type motoriserte fartøy, og ikkje andre, sa Anbjørn Steinholm Frislid (Frp). Framstegspartiet hadde ikkje noko i mot dei restriksjonane som galdt i fjordane og langs strendene, der det ikkje vert høve til å køyre fortare enn åtte knop på ein avstand innanfor hundre meter frå land.

Per Are Sørheim (H) støtta for så vidt Framstegspartiet i at det ikkje burde vere forskjell på vasskuterar og andre motoriserte fartøy på innsjøane, men kom til at det i praksis har lite å seie.

– Ifølgje lovverket er det berre tre vatn i kommunen der motorisert ferdsel som dette er lovleg. Det er Tyssevatnet, Vatnevatnet og Kvanndalsvatnet. Og med ei grense på hundre meter og åtte knop, vil ikkje dette ha noko å seie i praksis, sa Sørheim.