Moane-plan må førehandsvurderast

Det vert lagt opp til at formannskapet som planutval må førehands- vurdere om det skal setjast i gang planlegging av eit massetak på Moane i Follestaddalen.

Moane: Det vert arbeidd for å starte eit masseuttak i dette området.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det kjem fram av eit referat frå oppstartsmøtet mellom Ørsta kommune og Ronny Åmås om eit mogleg massetak på Moane.

Forslaget er omstridd, og fleire oppsitjarar har alt meldt at dei er skeptiske.

Planane går ut på å ta ut 2,5 millionar kbm masse i ein periode på i overkant av tjue år.

Av referatet går det fram at kommunen sidestiller dette med andre massetak-prosjekt. Det vil seie at før det vert sett i gang ein konkret planprosess, må formannskapet vurdere saka. Det vert også peika på at det er sett i gang to andre plansaker for masseuttak i kommunen, og at kommunen må vurdere talet på massetak opp mot behovet for massar.

Moment som må greiast ut i ein eventuell plan, er verknader for eit eventuelt nytt bustadfelt på Legene, og omsyn til landskap, friluftsliv og naturmangfald m.v.

Av referatet går det fram at forslagsstillaren har forståing for at formannskapet må gjere ei nærmare vurdering før klarisgnal eventuelt vert gitt.