For tidleg, Goggen

Håper du har fått avisa i dag. Eg har med om lag 70 prosent sikkerheit òg fått henne.

Runar Gudnason skriv laurdagskommentarar i Møre-Nytt.  Foto: Svein Aam

Demokrati er verken billeg eller særleg effektivt, men det er trass alt det minst dårlege systemet me har prøvd ut så langt

Nyheiter

Det er nemleg laurdag, så det er Kvikkas som er leverandør, eller Easy2You som dei heiter etter at dei kjøpte opp Norpost.

Her i huset abonnerer me på tre papiraviser: Møre-Nytt, Klassekampen og den danske Weekendavisen. Den danske avisa kjem ut kvar fredag, og me var lenge så heldige at me fekk henne i postkassa på Digernes på laurdagen. Altså inntil Posten slutta å køyre ut post på laurdagane.

Eg tippar Posten måpte bra då Kvikkas vann bodet om laurdagslevering av aviser for to år sidan. Korleis i alle dagar kan dei gjere det så billeg? Svaret er sjølvsagt enkelt: Det kan ikkje gjerast så billeg. Det er derfor det ikkje fungerer.

No skal me altså få Møre-Nytt og Klassekampen kvar laurdag. Av og til får me begge, av og til får me den eine, andre gongar ingen av dei, men til dømes Sunnmørsposten i staden. Det er i det minste spennande å gå opp til postkassa og sjå kva dei har funne på denne gongen.

Det er meir alvorleg at fleire lokalaviser har slutta med laurdagsutgåver etter at Easy2You tok over. Det seier seg sjølv at dette er dårleg nytt for det offentlege ordskiftet, og derfor òg for demokratiet.

Men no skal det verte endå verre, om han Goggen inna Dalsfjorden får det som han vil. Det er rart med det; Jon Georg Dale er oppvaksen på gard, og vart landbruksministeren som arbeidde for liberalisering, altså nedlegging av stort sett alt av landbruk (her i fylket, i alle fall). No er han samferdselsministeren (framleis frå Dalsfjorden) som arbeider for å legge ned den fjerde statsmakta i distrikta.

Regjeringa ser nemleg helst at Posten berre leverer annankvar dag allereie frå 2020. Det er snart, og det er kritisk for lokalavisene. Regjeringa slår fast at 95% av det som vert levert av Posten no, kan digitaliserast. Nøkkelordet her er kan. Spørsmålet er om det skal eller må, eller kanskje aller helst: kva tid.

Før eller seinare vil dei aller fleste avisene slutte å kome på papir, og berre finnast på skjerm. Men i 2020? Heilt sikkert ikkje. Og det kan ikkje tvingast gjennom utan å svekke pressa.

Er det det han vil, då, han Jon Georg? Svekke pressa? Nei, han seier berre at han er oppteken av at mediebransjen må omstille seg, som alle andre bransjar. Og her ligg det aller mest urovekkande: at ein minister ikkje forstår at avisene ikkje berre er ein bransje. Eller rettare sagt: Han veit og forstår det, sjølvsagt, men han vel å konsekvent omtale det som mediebransjen.

Det kan verke litt overdrive å insinuere at FrP går inn for å svekke pressa. Like fullt er dette eit faktum: Jon Georg Dale har partikollegaar som støttar og hyllar mediefiendar som Donald Trump og – endå verre – Viktor Orbán, som like godt er i ferd med å stenge det liberale demokratiet i Ungarn.

Me må nok ta oss råd til både mediebransje og politikkbransje. Demokrati er verken billeg eller særleg effektivt, men det er trass alt det minst dårlege systemet me har prøvd ut så langt.