Strid om mobbeknappen

Det er uro over aukande mobbing i Ørsta-skulen. Administrasjonen får kritikk for ikkje å ha gått vidare med saka om digital mobbeknapp.

Usamde: Seksjonsleiar Kirsti Øye Driveklepp og Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) er usamde om innføreing av ein digital varslingsknapp mot mobbing.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Når andre kommunar og fylkeskommunen ikkje finn dei same problema med å innføre ein digital mobbeknapp som Ørsta kommune gjer, må det også vere mogleg for Ørsta å innføre dette systemet, sa Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) under debatten om tilstandsrapporten for Ørsta-skulen i kommunestyret torsdag.