Kommunestyret ventar med avgjerda

Skal vurdere riving av helsestasjonen

Bygningsmassen til den noverande helsestasjonen i Ørsta kan verte riven. No skal gruppeleiarane i dei politiske partia vurdere saka nærmare.

Gruppeleiarar: Ola Perry Saure, Per Are Sørheim, ordførar Stein Aam og Hans Olav Myklebust er saman med dei andre gruppeleiarane samde om å bruke ein månad på å finne ut kva som skal skje med helsestasjonen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Kommunestyret fekk på bordet eit forslag om å løyve i overkant av 22 millionar kroner til å renovere helsestasjonen og det tidlegare legesenteret. Men det vart ikkje teke noko avgjerd. Mange i kommunestyret meiner at det vil vere betre å rive alt, og byggje nytt.