- Kritikkverdig vinterberedskap i Ørsta

Som varsla, kritiserte bussjåfør Roger Vartdal (KrF) Ørsta kommune for manglande vinterberedskap i kommunestyret torsdag.

Glatt: Roger Vartdal kritiserer Ørsta kommune for manglande vinterberedskap etter at det viste seg at ingen frå kommunen var ute for å strø på glatta tysdag morgon.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Det fyrste som skjedde torsdag morgon, var at eg sklei på glatta utanfor huset. Då ringde eg teknisk vakt, og sa at det var svært glatt, og at dei måtte sende ut folk for å strø. Eg fekk forklart at dei ikkje hadde folk i beredskap som kunne gjere dette. Etterpå køyrde eg til Furene, og henta bussen der. Allereie på fyrste busstoppen i Mosmarka, byrja bussen i skli. Eg ringde igjen, utan å få svar, og til slutt var det varaordførar Karen Høydal eg nådde. Etter kvart vart det strødd. Det er kritikkverdig at det ikkje er ein beredskap når slike forhold som tysdag morgon oppstår, sa Vartdal.

Rådmannen kunne ikkje svare på direkten om beredskapen, men ordførar Stein Aam sa seg delvis samd med Vartdal.

– Det er klart at slik det var tysdag morgon, slik kan vi ikkje ha det. Beredskapen må verte betre, sa Aam.

Overfor Møre-Nytt forklarte teknisk sektor at det ikkje er nattberedskap utan at vêrmeldingane tilseier det.