Kan verte skjerpa etiske retningsliner

Klubben-oppgjer i kommunestyret

Det vart eit oppgjer om Klubben-saka i kommunestyremøtet torsdag. Ikkje om sjølve saka, men kva etiske reglar kommunepolitikarar skal følgje.

Kritisk: Paul Kristian Hovden er kritisk til at berre eit utval politikarar var til stades på møtet med K.A. Aurstad tidlegare i haust.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Bakgrunnen er at det i forkant av eit møte i samfunnsutvalet i september vart halde eit møte mellom firmaet K.A. Aurstad og utvalde formannskaps- og kommunestyrepolitikarar i Ørsta. På møtet møtte i utgangspunktet politikarar som har synt seg positive til framhald og utvising av massetaket. Dei som har vore skeptiske var ikkje til stades. Dette har vekt reaksjonar, og saka kom opp i si fulle breidd under kommunestyremøtet torsdag.