Tiltalt for overgrep mot barn via videochat

Skal ha gitt instruksjonar for seksuelle overgrep

Ein mann i 70-åra oppbevarte cirka 36.000 bilete og filmar som viste seksuelle overgrep mot barn. I januar må mannen møte i Søre Sunnmøre tingrett.
Nyheiter

Statsadvokaten i Møre og Romsdal har teke ut ein lang tiltale mot mannen. I 2013 skal mannen via videochat medverka til at nokon hadde seksuell omgang med ein barn under 14 år. Han skal ha betalt for tenesta og gitt instruksjonar og ønsker for kva for seksuell aktivitet som skulle utførast. Overgrepet vart filma og strøyma til mannen sin pc.