Tvist om testament

Får arve millionar

I testamentet ville den avdøde mannen at dei to brørne skulle arve 500.000 kroner kvar og ein ven 100.000 kroner. Dei resterande verdiane på om lag 15 millionar kroner skulle fordelast likt mellom fire organisasjonar. No er testamentet lagt til grunn for dødsbuet.

Vann fram: Advokat Nils Ivar Sylte representerer organisasjonane og kameraten til avdøde som er tilgodesett med pengar i testamentet. Frå venstre: Runa Bakke, Barnas Turlag Ørsta/Volda, Ann Kristin Bekkevoll, Opplevelseskortet, Helge Vatne, Ørsta Røde Kors og Unni Østlie, Røde Kors sentralt. Foto: Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten  Foto: Anne-Mari Tomasgaard, Sunnmørsposten

Nyheiter

Tvisten om testamentet var oppe i Søre Sunnmøre tingrett i starten av oktober. Avdøde fekk skrive eit testament same dag som han døde. Testamentet vart ikkje underskrive av avdøde eller vitne. Norges Røde Kors, Ørsta Røde Kors, Friluftsforeininga Volda og Opplevelseskortet og ein ven av avdøde la ned påstand om at testamentet var gyldig som naudtestament. Det vart og lagt ned påstand om dei to brørne til avdøde ikkje heldt fristen for å framsette motsegn mot testamentet.

Begge brørne la ned påstand om at testamentet var ugyldig, og at det ikkje skulle leggast til grunn ved skiftet av dødsbuet til avdøde.