- Vi var to bønder som etablerte oss på Mosflata. Med Bertel O. Steen som nabo kan vi byrje å betale ned gjelda

Nøgde: Strålar etter at kontrakta er på plass. F.v. plassjef i Furene, Martin Bjarne Belt, Erling Ulvestad, Eik, Geir Vatnehol, Bertel O. Steen, Knut Inge Haugen, Eik, Wenche Solheim og Stein Aam frå Ørsta kommune.  Foto: privat

Nyheiter

Dagleg leiar Erling Ulvestad var ein ekstra glad mann tysdag. For då kom endeleg dagen då Ulvestad og medeigar i Mosflata Næringsbygg, Knut Inge Haugen, kunne signere ei kontrakt om at Bertel O. Steen-konsernet skal leige areal i den tidlegare Grepa-fabrikken. Leigeavtalen strekkjer seg i første omgang over ti år.

– Men vi håper sjølvsagt at Bertel O. Steen vert verande på Mosflata til evig tid, seier Ulvestad.