Satsar på Hjørundfjorden også i 2019

Selskapet The Fjords har bestemt seg for å ha båtrute frå Ålesund til Hjørundfjord også i 2019. Det kan verte andre stoppestader.

Båtrute: The Fjords satsar på hurtigbåt til Hjørundfjord også sommaren 2019.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

The Fjords satsa denne sesongen på tre daglege avgangar mellom Ålesund og Øye, og med stopp på Trandal og Urke på signal. Trafikken vart ikkje som ynskt.

Etter å ha analysert sesongen og vurdert kvifor det ikkje gjekk som håpa, skal selskapet likevel satse vidare. Potensialet er der, men selskapet gjorde ikkje ein god nok jobb, seier administrerande direktør Rolf Sandvik i The Fjords til nettstaden nett.no.

– Vi trur vi har bomma litt med omsyn til rutetider og marknadsføring, seier han til nettavisa.

Mellom anna vurderer selskapet seinare start frå Ålesund om morgonen, og dessutan ha Sæbø som stoppestad.

Selskapet ynskjer også å marknadsføre betre at båtruta vil korrespondere med turar til Geiranger. Dessutan vil The Fjords marknadsføre seg betre overfor hotellgjester i Ålesund.