Skiltplanen er godkjent og arbeidet er i gang:

Opnar Vikegata for trafikk

Statens vegvesen har godkjent den nye skiltplanen for Vikegata. Kommunen vonar at den første delen av gata vert opna opp før jul.

Svingradius: Arbeidet med å lage eit betre svingradius inn i Vikegata er i gang. Statens vegvesen har no godkjent skiltplanen som opnar første del av gata for trafikk.  Foto: Joachim Åsebø

Det var heller ikkje merknader til skiltplanen, og det har vore støtte til tiltaket

Eldar Øye
Nyheiter

– Vi vil gjere tilgjengeleg den første delen av gata for trafikk, og opne opp for parkeringsplassar. Vi har laga ein skiltplan som Statens vegvesen no har godkjent. Arbeidet som no går føre seg i Vikegata har med å betre svingradiusen mot Ivar Aasen-gata og E39. I tillegg vil vi lage til parkeringsplassar i det området som ikkje kjem i befatning med privat eigedom, seier assisterande rådmann og fungerande teknisk sjef Eldar Øye.