Karen og Synnøve vil samle pengar til ny røntgenmaskin

– Eit godt fungerande lokalsjukehus skal også ha ein røntgenmaskin som måler beintettleik. Difor inviterer vi til ein innsamlingsaksjon for dette.

Initiativ: Karen Høydal og Synnøve Rekkedal Hill går i spissen for å samle inn pengar til ein ny røntgenmaskin ved Volda sjukehus.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Seier Synnøve Rekkedal Hill og Karen Høydal.

Dei to kommunestyrerepresentantane i Ørsta synest det er for ille at Volda sjukehus skal misse tilbodet om måling av beintettleik over natta.

Det var dette som skjedde tidlegare i haust, då den tjue år gamle røntgenmaskinen som måler dette, gjekk sund. Helse Møre og Romsdal vedtok då at det i staden skulle kome nye maskinar til Ålesund sjukehus og Kristiansund sjukehus.

– Vi har vore i kontakt med Volda sjukehus om saka, og dei ser positivt på eit slikt initiativ. Det vil ikkje medføre ekstra kostnader for dei. Røntgenavdelinga har eit rom til føremålet, dei har tilsette som har tjue års erfaring og kompetanse til å gjere undersøkingar med ein slik maskin, og det vil ikkje medføre auke i bemanninga, seier Rekkedal Hill.

Rundt ein million

Kor mykje eksakt ein slik røntgenmaskin vil koste, er ikkje avklart. Det er antyda ein sum på rundt ein million kroner.

– Prisen er avhengig om det vert kjøpt inn ein maskin tilsvarande den som no gjekk sund, eller om det vert kjøpt ein type som dei no har ved sjukehusa i Ålesund og Kristiansund. Den siste typen er litt dyrare, fortel Rekkedal Hill.

Ho og Høydal oppmodar heile Søre Sunnmøre om å engasjere seg. Både kommunane, politiske parti, lag og organisasjonar og næringsliv.

– Vi har tradisjon for slike innsamlingsaksjonar for lokalsjukehuset vårt her på Søre Sunnmøre, seier Høydal.

Den 25. oktober vil det verte eit informasjonsmøte på Volda sjukehus om saka. Til stades vert representantar for røntgenavdelinga som vil fortelje meir om behovet og kostnaden med ein ny maskin.

– Her håper vi representantar for kommunane, næringsliv og lag og organisasjonar stiller, og så får vi drøfte vegen vidare, seier Rekkedal Hill.

Ho og Høydal er svært klare på at det er eit stort behov for denne typen røntgenmaskinar.

Osteoporose

– Dei måler beintettleiken, og er viktig for å diagnostisere beinskjørheit, fortel Høydal.

– Osteoporose – beinskjør, er ein sjukdom i skjelettet som gjer at beinstrukturen blir meir skjør og dermed blir ein utsett for beinbrot. Ei rekke sjukdomar kan også medføre utvikling av sjukdomen som hormonsjukdomar (stoffskifte), nyresvikt og bindevevssjukdomar. Dessutan langvarig bruk av fleire medikament, og det er det mange i samfunnet som har behov for å bruke dagleg, seier Høydal, og fortel at konsekvensen av sjukdommen er beinbrot, sjanse for fleire brot, kroniske smerter, funksjonstap og redusert livskvalitet.

–Her er det målingar av beintettleik som må til, og difor er apparatet ved sjukehuset så viktig, poengterer Høydal.

– Vi må også hugse at dette gjeld mykje eldre folk, og då er det viktig at det er lokalsjukehuset som tilbyr denne typen undersøkingar, seier Rekkedal Hill.

Ho og Høydal håper at innsamlingsaksjonen kan kome i gang ganske raskt etter informasjonsmøtet.