Svakt resultat for Tussa

Eit halvt års produksjonsstans for Tussa kraftstasjon får innverknad på resultatet til Tussa Kraft AS.

Overløp: Det har kosta for Tussa å stengje ned Tussa kraftstasjon eit halvt år.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Rekneskapen per andre tertial 2018 syner eit driftsresultat på 36,6 millionar kroner (75,5) og eit resultat før skatt på 16,5 millionar kroner (71,4), heiter det i ei pressemelding frå konsernet.

Omsetninga vart 633,4 millionar kroner (514,2), totalkapitalen er 2.943,2 millionar kroner (2 376,3) og eigenkapitalprosenten er 29,4 % (36,9). Netto finans syner eit resultat på -20,1 millionar kroner (-4,1). Tilsvarande tal for 2. tertial 2017 står i parentes.

Reduksjon

– Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 38,9 millionar kroner samanlikna med tilsvarande periode i 2017. Hovudårsaka til reduksjonen i driftsresultatet er lågare produksjonsvolum og høgare andre driftskostnader, som følgje av rehabilitering og oppgradering av turbinane i Tussa kraftverk på Bjørke. Kraftverket er Tussa sitt største kraftverk, med ein normalproduksjon på 266 GWh i året. Kraftverket har som planlagt vore ute av drift i nærare seks månader i år, vert det forklart i pressemeldinga.

Nettet medverkar mest

Nettverksemda er den største bidragsytaren til resultatet, og leverer om lag same resultat som på same tid i fjor. Tussa IKT har hatt positiv resultatutvikling, medan Tussa-24 og Tussa Installasjon viser lågare resultat samanlikna med andre tertial 2017.

Finansresultatet er -20,1 millionar kroner mot -4,1 millionar kroner på same tid i fjor.

– Hovudforklaringa til resultatnedgangen er at ein i fjor hadde ei eingongsinntekt på 24 millionar kroner frå sal av ekstern entreprenørverksemd i Mørenett til BKK Enotek. I tillegg er marknadsverdien på rentesikringsavtalar og rente-/valutaswap bokført per andre tertial i år. Marknadsverdien har utvikla seg positivt så langt i år. Gjennomsnittleg lånerente på eksterne lån var 3 % ved utgangen av tertialet, heiter det frå Tussa-styret.

Skattekostnaden er estimert til 2,6 millionar kroner (24,2) per andre tertial. Det er her bokført 3,7 millionar kroner (11,3) overskotsskatt, og negativ grunnrenteskatt med 1,1 millionar kroner (12,9).

– Årsaka til negativ grunnrenteskatt er negativ grunnrenteinntekt ved Tussa kraftverk per 31.08.18, som følgje av lågare produksjonsvolum og auka vedlikehaldskostnader i samband med arbeidet som har vore utført ved kraftverket i år, heiter det frå styret.

Estimert skattekostnad utgjer etter dette om lag 16 % av konsernresultatet (34 %). Vi ventar likevel at både betalar skatt og grunnrenteskatt vert høgare for året sett under eitt.

Resultat etter estimert skatt er 13,9 millionar kroner (47,2).

Istad

Tussa Kraft AS har i perioden inngått avtale med Statkraft om kjøp av 49,005 % av aksjane i Istad AS. Kjøpet vart gjennomført 3. september, og kjøpesummen var om lag 368 millionar kroner.

– Istad er eit veldrive konsern, og Tussa ønskjer å utvikle det vidare mellom anna gjennom meir samarbeid. Kjøpet er i hovudsak finansiert med lån, og samla gjeld for konsernet er per utgangen av tertialet vel 1,8 milliardar kroner, skriv styret i tertialrapporten.

Transaksjonen har konsekvensar for konsernet sin totalkapital og eigenkapitaldel. Per andre tertial er totalkapitalen på 2 943,2 millionar kroner som er ein auke på 566,9 millionar kroner samanlikna med 31.08.17. Eigenkapital-andelen per andre tertial er 29,4 %. Basert på konsernet sitt potensial, meiner styret at gjeldsnivået er forsvarleg.