Jubileumsgåve frå Sparebanken Møre

Kven fortener 175.000 kroner?

Sparebanken Møre fyller 175 år, og feirar med å gi ei jubileumsgåve på 175.000 kroner til eit godt formål i alle kommunar der banken har kontor.

Line Wiik Bjerknes i Sparebanken Møre kom med sjekk til Hovdebygda og Ørsta skyttarlag i fjor. No feirar banken jubileum og lovar ein ny og større sjekk til gode formål.   Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

Sparebanken Møre sine røter går tilbake til etableringa av Herrøe og Røvde Sognes Sparebank i 1843.

– I alle desse åra har sterk lokal tilhøyrsle vore sjølve grunnmuren i banken si verksemd, og i dag har Sparebanken Møre kontor i 24 av kommunane i Møre og Romsdal, skriv banken i ei pressemelding.

Takkar for tilliten

Rundt midten av 1800-talet vaks det fram sparebankar over heile landet. Felles for fleire var at oppstarts kapitalen kom frå sal av såkornmagasin, som bøndene hadde hatt som reservelager for dårlege år. Etter kvart som bankane fekk overskot, gjekk dette tilbake til bankane for å bygge opp kapitalen.

– Den dag i dag utgjer desse midlane halvparten av eigenkapitalen, noko som betyr at det er lokalsamfunna der banken held til som eig halvparten av Sparebanken Møre, seier banksjef Line Wiik Bjerknes ved avdeling Ørsta.

Samtidig etablerte bankane ein tradisjon med å gi deler av overskottet i utbytte i form av gåver til gode formål i lokalsamfunnet. I dag går halvparten av utbyttet i Sparebanken Møre til lokalsamfunnet her vi høyrer til.

– I høve 175-årsjubileet ønskjer vi å takke for tilliten ved å gi noko ekstra tilbake til røtene våre. Derfor har vi vedteke å gi ei eiga jubileumsgåve på 175.000 kroner til eit godt formål i kvar av dei 24 kommunane. Det opplevast svært meiningsfullt å kunne vere en betydeleg bidragsytar, ei drivande kraft og ein medspelar i utviklinga av det samfunnet vi er ein del av, seier Line Wiik Bjerknes.

Kven kan få jubileumsgåva?

Banken ber no om hjelp til å finne gode prosjekt som utgjer ein forskjell i dei ulike kommunane.  Meir informasjon og forslagsskjema finst på banken sine nettsider sbm.no, og nominasjonsperioden varer til 25. oktober.

– Vi veit at det finst svært mange gode tankar, idear og prosjekt der ute, og vi gler oss til å lese forslaga som kjem inn. Kriteria er at gåva skal gå til eit prosjekt som kjem mange til gode, og ho skal bidra til at Ørsta vert ei endå betre kommune å bu og leve i, seier Bjerknes.

Line Wiik Bjerknes skal saman med ein lokal jury vurdere alle forslag som kjem inn – og endeleg avgjere kva prosjekt som skal realiserast ved hjelp av jubileumsgåva frå Sparebanken Møre. Vinnaren i kvar kommune blir offentleggjort i november/desember.