Kontrolløren sterkt kritisk

Ber om byggestans på skredvoll

Kontrollinstansen for bygginga av skredvoll på Vallabøen ber om byggestans. – Skredvollen manglar godkjenning, meiner Multiconsult.

Vallabøen: Arbeidet med den 400 meter lange skredvollen på Vallabøen har kome langt.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Selskapet Multiconsult er uavhengig kontrollør for arbeidet med skredvoll på Vallabøen. I eit brev til Ørsta kommune vert det peika på at byggearbeidet er sett i gang før det ligg føre kontrollerklæring, noko som er eit krav etter plan og bygningslova. Og enno meir alvorleg: Multiconsult meiner det ikkje er dokumentert at løysinga som totalentrepernøren har valt er i samsvar med regelverket.