Havila kjem med kystruta om to år

"At Ørsta skal verte ein del av dette, med Hjørundfjorden, er det ein stor sjanse for"

Havila Holding spissar reiselivssatsinga, og skipar Havila Hotels der Hotell Ivar Aasen vert sentralt. Om nokre år kan det vere truleg at kystruta sine skip dukkar opp i Ørsta.

Kystruta: Havila skal inn med fire nye skip når dei frå 2021 skal trafikere kystruta saman med Hurtigruten ASA. Foto: Havila  Foto: Havila

Både Hotell Ivar Aasen og Raftevold Hotell er strategisk plassert langs E39

Nyheiter

Dei siste åra har Havila Holding, selskapet til Per Sævik-selskapet og familien, satsa stort på reiseliv. I tillegg til å vere medeigarar i Thon Hotels Fosnavåg, kjøpte Havila Holding i fjor Hotell Ivar Aasen i Ørsta. Seinare vart også Raftevold Hotell på Grodås kjøpt.

Kystruta frå 2021

Vidare har Havila Holding fått kontrakt med staten om å drifte fire av elleve skip frå 1. januar 2021 i kystruta. Det er strekninga Bergen – Kirkenes som Hurtigruten ASA i dag driftar åleine. Frå 2021 har Hurtigruten ASA fått kontrakt på sju skip, medan Havila Holding gjennom selskapet Havila Kystruten AS altså skal drifte fire skip.