Får ikkje tak i dommarar

Krise for jordskifteretten i Ørsta

Det er krise for Sunnmøre jordskifterett i Ørsta. Retten får ikkje tak i nye dommarar, og ventetida på å få handsama saker er opptil to år.

Jordskifteretten: Det er vanskeleg å få tilsett dommarar ved jordskifteretten i Ørsta, som held til i gamle Ørsta Bruk-bygget.  Foto: Marius Myklebust

Vi ikkje er den problemløysaren vi er sett til å vere

Bjørn Inge Taklo
Nyheiter

– Vi har to gonger lyst ut etter ny dommar, men har ikkje fått søkjarar som stettar krava som vert sette til ein jordskiftedommar, seier konstituert kontorleiar, Bjørn Inge Taklo, ved Sunnmøre jordskifterett.

Situasjonen hos Sunnmøre jordskifterett no er at ei dommarstilling er vakant, og at det dessutan er ein dommar i langtidssjukemelding.