Ørsta si største søyle?

Her er den største, og eldste, søyla i Ørsta, meiner innringar

Denne søyla må nokon gjere noko med, meiner ein innringar.  Foto: Svein aam

Nyheiter

Ein oppgitt ørsting er på telefonen til Møre-Nytt etter enno ein dag med nedbør.

– No må snart nokon gjere noko med den største søyla i Ørsta, den ved rundkøyringa ved Mørebil. Rundkøyringa kom rundt 1980, og søyla har vore der sidan. På det verste er det det 20 centimeter med vatn her, og det fører stadig til at passerande bilar sprutar vatn på fotgjengarar. I det siste har det vore gravearbeid i området, men dei har ikkje gjort noko med problemet. Det er vel ulike etatar som ikkje snakkar saman, seier innringaren.