Større vekst i Volda enn Ørsta

Dei statlege overføringane til Volda kommune vil auke meir enn overføringane til Ørsta komande år.

Frie inntekter: Ørsta kommune får ein vekst i inntektene på 3,2 prosent komande år.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det går fram av framlegget til statsbudsjett.

Eit oversyn viser at Volda kommune vil få ein vekst på 22.4 millionar kroner i 2019, noko som utgjer 4,5 prosent vekst.

Ørsta kommune får ein vekst på 18,7 millionar kroner i overføringane, ein vekst på 3,5 prosent.

Kommunane i Møre og Romsdal får ein vekst på mellom 4,6 prosent (Molda) og 1,6 prosent (Sandøy).

Av forslaget til statsbudsjett går det fram at Ørsta kommune i 2019 får overført 608,6 millionar kroner i frie inntekter i 2019. Volda vil få overført 518 millionar kroner.

Oversynet viser dessutan at Volda kommune har vesentleg høgare lånegjeld med 106.339 kroner per innbyggjar, medan Ørsta kommune har 75.196 kroner. Dette er lånegjelda slik ho var i 2017.

Volda kommune hadde i 2017 eit betre økonomisk resultat enn Ørsta kommune. Resultatet i Volda var på 4,6 prosent av driftsinntektene, medan Ørsta kommune hadde eit resultat på 1,1 prosent av driftsinntektene.