Står fast på avviklinga av pelsdyrnæringa

Ved årsskiftet 2024/2025 skal alt pelsdyrhald i Noreg vere avvikla.

Pelsdyr: Regjeringa står fast på avviklinga av pelsdyrnæringa. Den siste pelsinga vert i 2024.  Foto: Ivar Lid Riise

Nyheiter

Regjeringa står fast på avviklinga av pelsdyrnæringa. Dette går fram av forslaget til statsbudsjett.

– Regjeringa vil føreslå eit forbod mot pelsdyrhald. Departementet vil i løpet av 2018 sende på høyring eit forslag til lov som forbyr pelsdyrhald., heiter det i forslaget til statsbudsjett.

Det blir lagt opp til ei avviklingstid fram til årsskiftet 2024/2025, dvs. til pelsingsesongen for produksjonsåret 2024 er avslutta. Det blir lagt opp til at den nye lova skal gi heimel til å gi føresegner om kompensasjon for tap av retten til å halde pelsdyr.

Høyringsutkastet vil difor òg gi ei overordna omtale av korleis kompensasjonsordninga er tenkt innretta.

Avviklinga av pelsdyrnæringa var eit resultat av at Venstre i fjor vinter kom inn i regjeringa.