Hadde fire passasjerar i bilen og 1,81 i promille – krasja i lyktestolpe

Ei kvinne i 20-åra, busett i Volda kommune, hadde 1,81 i promille då ho krasja i ein lyktestolpe i Volda sentrum med fire passasjerar i bilen. No er ho dømd til fengselsstraff.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Hendinga fann stad i august i år. Trafikkuhellet fann stad like før midnatt. Bilen som kvinna køyrde krasja inn i ein lyktestolpe i Volda sentrum, og vart materielle skader på bilen. Det var fire passasjerar i bilen på ulykkestidspunktet. Ifølgje rettsdokumenta var det lite folk i gatene på ulykkestidspunktet, men at det var kort veg til eit folksamt arrangement.