Framleis støtte til nærbutikkar

Eit ekspertutval har foreslått å fjerne ordninga, men regjeringa vil framleis gje støtte til nærbutikkar gjennom Merkur-ordninga.

Landhandel: Urke Landhandel er ein av nærbutikkane som har vore kvalifisert til støtte gjennom Merkur-programmet, og som no vert vidareført.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Dette går fram av forslaget til statsbudsjett. I Ørsta har butikkane i Barstadvik og Urke fått støtte gjennom ordninga.


Distriktsbutikkar kan miste viktig støtte

– Skal det bu folk på slike stader, og skal det vere mogleg å drive turisme, då må der vere ein butikk

– At Urke Landhandel har fått støtte, har vore heilt avgjerande for drifta.

 

– Forslaget til ekspertutvalet var dramatisk. Det ville gått ut over ikkje berre overlevingsevna til dei minste distriktsbutikkane, men også ringverknader som busetjing og næringsverksemd, seier Ingvill Størksen, direktør for Virke daglegvare i ei pressemelding.

– Distriktsbutikkane si rolle er langt meir enn å selje mjølk og brød, slår Størksen fast.

– Dei avlastar kommunane, og sikrar tenester der folk bor. Dei låner ut bøker, driv miljøstasjonar og turistinformasjon. Nokre butikkar tek imot flyktningar, og tilbyr språk og arbeidspraksis – med godt resultat, seier Størksen.

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle butikkar i utkantstrøk.

– Det er svært gledeleg at regjeringa foreslår å auke Merkur-programmet sitt budsjett til nær 50 millionar, seier Størksen.