Fjelldugnad i snøen på Klokksegga:

– Målet vårt var å få på heile taket

Den siste planlagde dugnaden for gapahuken på Klokksegga vart fullført søndag. Til våren er det planlagt offisiell opning.

I stein: Gapahuken vert bygt i stein. Taket står att før arbeidet er ferdigstilt, i tillegg skal gjerast litt rundt gapahuken. 

Nyheiter

– Målet vårt for denne dugnaden var å få på heile taket, men det tok lang tid å spa fram att gapahuken. No er bjelkelaget lagt, vi fekk sette bardunar på bjelkane. Skulle vinteren kome for fullt no så skal alt saman ligge greitt. Skulle det bli nokre finvêrsdagar utover i oktober er det mogleg for oss å ta fleire dugnader, seier leiar Jens Arve Forbord i Saksa turstiforening.