«Nye» Hovden skule klar i april neste år

Ørsta kommune søkjer no tilbod for ombygging og renovering av Hovden skule.

Renovering: I april neste år skal renoveringa av Hovden skule vere ferdig.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Arbeidet skal starte 30. november og skal vere avslutta 25. april neste år.

Dette går fram av anbodsdokumenta som no ligg på Doffin.

Prosjektet handlar om miljøretta helsevern og branntekniske tiltak ved Hovden skule. I dette ligg ombygging av garderobar, nye toalett, og trappeheis mellom gymsal og garderobar.

Vidare skal vindauge oppgraderast og det skal gjerast tiltak mot maurplager m.a.

Prosjektet omfattar også enkelte endringar i planløysinga for skulen som lenge har hatt eit skrikande behov for modernisering.