Er samde om nytt hestesportanlegg

Det nærmar seg ein avtale om eit nytt hestesportsanlegg på Mosflata. Tre hestesportsorganisasjonar er villige til å skrive under ein avtale med Ørsta kommune.

Mosflata: Hestesporten og Ørsta kommune er samde om areal tilpå Mosflata.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det er Ørsta ride- og køyreklubb, Ørsta/Volda fjordhestlag og Vestri Islandshestforeining som saman ynskjer å gå inn ein leigeavtale med kommunen.

Dei vil leige eit 20 daa stort areal på det området på Mosflata som er regulert til idrettspark.

Leigeprisen per år vert sett til 63.000 kroner, og der kommunen betalar 75 prosent. Men i samsvar med tidlegare kommunestyrevedtak skal betalinga fyrst skje frå 2033.

Det har vore forhandlingsmøte mellom hestesportslaga og politisk og administrativ leiing i kommunen om forståinga av avtalen. Hestesportslaga meiner difor at avtalen kan fremjast for formannskapet.