Ber om møtearena med helsetoppane

Rådmann Rune Sjurgard i Volda vil ha ein fast møtearena med toppleiinga i Helse Møre og Romsdal.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Volda kommune er vertskommune for store statlege verksemder som høgskule og sjukehus og ynskjer å ha god dialog med leiiinga ved desse verksemdene. Vi har fått etablert fast møtearena med rektor og direktør ved HVO, skriv Sjurgard til Helse Møre og Romsdal.

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard.  Foto: Joachim Åsebø

Det har vore samtaler mellom Sjurgard og adm.dir Espen Remme om eit årlege møte. Sjurgard vil at både direktør og styreleiar skal vere med på eit slikt møte, og at det er naturleg at representant for stadleg leiing også kan delta.

– Volda sjukehus betyr svært mykje for Volda og regionen, og vi er som vertskommune opptekne av god dialog med foretaksleiinga. Det er viktig med gjensidig informasjon om utviklingsplanar, behov og ev samarbeid om ev tilrettelegging for å utvikle sjukehusdrifta i åra framover.