– Gøy med gjærbakst på Hotell Ivar Aasen

Gjærbakst er gøy. Difor inviterer vi born til å vere med på ein gratis bakedag her på Hotell Ivar Aasen-

Bakedag: Diana Moldskred og Josef inviterer til bakedag for born på Hotell Ivar Aasen.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Fortel dagleg leiar Diana Moldskred på Hotell Ivar Aasen.

Komande torsdag vert born inviterte til å vere med på ein bakedag. Han vert organisert i to puljar, med plass til tjuefem born i kvar pulje.

– Det er haustferie komande veke, og vi veit at ikkje alle reiser vekk. Det er heller ikkje alle som ser seg tid eller råd til å gjere noko ekstra for borna. Difor inviterer vi til denne dagen, seier Moldskred.

Ho har tidlegare arrangert slike bakedagar på andre hotell ho har arbeidd hos, og ser fram til torsdagen.

– Vi håper å skape noko hyggjeleg for dei som er heime i haustferien, og ynskjer å gje born inspirasjon til å bake. Sjølve har vi bakst og dessertar på menyen, og kanskje kan vi også hente inspirasjon frå dei som er med på bakedagen, seier Moldskred.

Det er allereie fleire som har meldt seg på.

– No handlar det om å kome fyrst til mølla. Dette skal verte artig, og det vert sjølvsagt høve til å ta med litt av baksten heim, seier Moldskred.