Kom UT! i haustferien

Sunnmøre friluftsråd inviterer til aktivitetsdagar i 5 ulike medlemskommunar i haustferien. Tilbodet er ope og gratis for barn og unge. Nokre stader blir barna i skulefritidsordninga også med.

Aktivitetsdagar: Sunnmøre friluftsråd inviterer til aktivitetsdagar i Volda og Ørsta i haustferien. Pressefoto 

Nyheiter

– Det er ikkje påmelding til aktivitetsdagane, og alle er hjarteleg velkomne. Leiarane til friluftsrådet er til stades i dei utvalde områda i tidsrommet 0900-1500. Dei vil sjå til at alle som kjem har det kjekt og får tilbod om å delta i aktivitetar og grilling, heiter det i ei pressemelding.

Onsdag komande veke vil det bli aktivitetsdag på Årneset i Volda og torsdag er dei på plass i Ørsta ved Ørsta ungdomsskule.

Tre rettleiarar frå friluftrådet vil vere på jobb både i Volda og Ørsta.