Verdsdagen for psykisk helse vert arrangert 10. oktober

– Ver rause, det skal så lite til for å betre dagane

– Ver rause med kvarandre i kvardagen. Det skal så lite til for å betre dagane for folk som slit.

psykisk helse: – Vi har alle ei moglegheit til å vere raus. Vi kan vere rause med oss sjølve og med andre. Eit raust samfunn styrkjer oss alle. Rausheit smittar, seier arrangørane av Verdsdagen for psykisk helse i Ørsta. Handelsstanden er med som støttespelar.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Oppmodinga kjem frå dei som i Ørsta skal markere Verdsdagen for psykisk helse, komande onsdag, 10. oktober. Det er Viketunet, lokallaget av Landsforeninga for pårørande (LPP) og Ørsta Kommune. Men også Småjobbsentralen og Ørsta Handelsforening er involvert i markeringa der målet m.a. er å gjere det like lett å snakke om folk si psykiske helse som den fysiske – og å auke kunnskapen om psykisk helse, og at ein må vere medviten at alle har ei psykisk helse.

Liv og røre

– Vi ønsker å skape liv og røre i gågata, spreie glede, smil og latter. Vi skal servere gratis brennsnut, og kaker og kaffi i gågata frå klokka 13:00. Og apropos brennsnuten: Grønsakene kjem direkte frå andelsgarden i Ørsta, der Viketunet har andelar. Så her handlar det definitivt om kortreist mat, fortel koordinator Ingunn Engeset på Møteplassen og medarrangørane.

I gågata vert det også musikalsk underhaldning i samband med verdsdagen, og i totida dukkar Stig Ulv opp med gitaren.

Arrangørane skal også dele ut brosjyrar og informere om tenestene og om verdsdagen.

– Og folk får moglegheit til å slå av ein prat med folk som jobbar for å betre den psykiske helsa i Ørsta.

Småjobbsentralen vil vere ute i gatene, også ved Amfi, og hjelpe folk med å bere varer til bilane og med andre småting. Og butikkane i gata er oppmoda om vise seg frå ei ekstra raus side.

Små ting

– Dette kan handle om små ting som å gi ein komplement, dele ut ein varm kaffikopp, eller rett og slett dele ut eit smil, og late folk verte sett. Det skal så lite til for å gjere dagane til kvarandre betre, erfarer arrangørane.

Småjobbsentralen gjer ein viktig jobb for folk som kan ha meir utfordringar enn andre.

– Vi utfører små, enkle oppgåver som gir folk ein meiningsfull kvardag. Essensen handlar om å jamne ut skilnader, fortel arbeidsleiar Arild Steinnes på småjobbsentralen.

Butikkane er positive til å delta i verdsdagen.

– Ja, dette er eit flott tiltak som gjeld mange. Og det er klart vi vil vere med på noko som kan bidra til å ufarleggjere psykisk helse. Det er mange menneske som faktisk slit med å kome seg ut døra heime. Då er det viktig å strekke ut ei hand, seier Mariann Skare og Nina Karin Berge på Ørsta Stoffsenter.

Dei har gått kurs for å kunne kalle seg ein demensvennleg butikk.

Vert det dårleg ver onsdag vert markeringa halden innandørs på Ørsta Torg.