Medan regnet tidvis hølja ned i Ørsta laurdag var det ei god og spent stemning inne i Ørstaterminalen. Nitten sauebønder, alle med i Ring 190, var samla for det som er eitt av årets høgdepunkt. Det ligg mykje prestisje i å ha dei flottaste og beste vêrane i ringen. For å vere trygge på at dei beste genane vert vidareført møtest sauebøndene kvar haust til vêrkåringa. No har hovudvekta av sauebøndene tilhaldsstad i Ørsta kommune, medan dei tidlegare var litt meir spreidd utover heile Søre Sunnmøre. Medan dømminga av storverane gjekk relativt fort laurdag, var det mange vêrlam som skulle vurderast. Om eit lamb ikkje har høg nok poengsum vil det teke ut av ringen, medan dei vêrlamma med høgast poengsum vert tekne med vidare. Det er fire ulike kriterium som dommarane ser etter når vêrlam vert vurdert.
Kjell Martin Standal viser fram ein av storvêrane sine. Foto: Joachim Åsebø
– Dommaren ser på utsjånaden på lam. Dei ser på kroppen og tenkjer at kroppen skal vere ein god brukskropp og funksjonell, i tillegg til evna å produsere kjøt. Dei ser også på beina, og om dei held kroppen og sauen er skikka til å gå i skog og mark. Ullkvaliteten vert også vurdert. Ut frå dette får dei poeng, og i tillegg så ligg det ein indeks i botnen, Dei beste dyra kan bli sett inn avl lokalt.