Det seier strategisjef Kjetil Strand hos Statens vegvesen.
Han grunngjev dette med at det for vegvesenet er eit prinsipp at dei som betalar bompengar, skal ha nytte av tiltaket.
– Viss løysinga med bomsnitt i alle armane til rundkøyinga vert aktuelt frå Volda og Ørsta si side, er det særs problematisk, seier Strand.
– Difor har vi spelt inn at dersom Ørsta skal vere med i ein pakke, må bommen vere nærmare Ørsta. Dette utifrå nytteprinsippet, seier Strand.
Det er Statens vegvesen som til slutt skal kome med tilrådinga om ein samferdselspakke.
– Det vert viktig å avklare om dette vert ein rein Volda-pakke, eller ein fellespakke. Det er opp til kommunestyra i Ørsta og Volda å avgjere.