Fryktar Volda sentrum vert aude

– Dette er ein aktiv måte å leggje ned Volda sentrum på. Det var feil spørsmål som vart stilt for ti år sidan då svaret var å lansere Voldatunnelen.

Åtvarar: Tor Olsen åtvarar mot Voldatunnelen og forretningar på Rotset.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det sa forretningsdrivande Tor Olsen under møtet til Volda Næringsforum i Volda onsdag morgon.

Han meiner Volda er på ville vegar, både med å ynskje Voldatunnelen, finansiert med bompengar, men også med å regulere til forretning på Øvre Rotset, noko som gjer at handelen flyttar ut frå sentrum.