God dag-praten med Snorre Mork

"Heimekjær. Når du er vekke halve året på jobb er det godt å komme heim"

  Foto: Privat

Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Hektisk, særleg no når eg er på friperiode. Mykje som ein vil få gjort og som regel alt for lita tid. Ting som husrenovering, dreng på gard i familien, reparasjonar, jakt, fotball og ein haug med eigne prosjekt, er ting som fyller dagane.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Det må bli grensejustering og debatten de har skapt på sosiale medium. Trist å sjå kor ei sak kan splitte og framskaffe harde utsegn i forskjellige forum. Trur alle har godt av å ta ei ekstra runde med seg sjølv før dei trykker send.