- Eg vil gje ein blomebukett til Follestaddal hornmusikk

Ann Helen Sørhaug, kulturskulelærar og korpsentusiast, hyllar det frivillige musikkmiljøet.

  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Eg arbeider i kulturskulane i Ørsta og Volda og syslar litt med korpsdireksjon. Som ein del av jobben hjelper eg også til i SUS, Sunnmøre ungdomssymfoniorkester.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Eg er mellom anna oppteken av at vi må verne om matjorda. Folk og dyr treng mat.