Investerer stort ved høgskulen, kan få kunnskapspark

Det vert lagt opp til store investeringar på høgskuleområdet dei komande åra. Det nye mediebygget vil koste 200 millionar kroner, og det kan også kome ein eigen kunnskapspark.

Kunnskapsparken: Det er i Ivar Aasen-huset det no vert planlagt ein kunnskapspark. Dette er ei førebels skisse til ombygginga av bygningen, men han vert neppe på tre etasjar. Illustrasjon: Sunnmøre kulturnæringshage  Foto: Pressefoto

Nyheiter

– Ja, vi er ei gruppe som arbeider med å få realisert ein kunnskapspark i Ivar Aasen-huset på høgskuleområdet. Dette skal verte eit tverrfagleg samarbeid, og lik andre kunnskapsparkar i landet. Men med utgangspunkt i fagmiljøa ved Høgskulen i Volda, seier dagleg leiar for Sunnmøre kulturnæringshage, Martin Foldal. Han er leiar for prosjektgruppa som arbeider med kunnskapsparken.