Ei musikalsk draumeveke

Sunnmøre kammermusikkfestival jublar etter ei veke med sterke konsertar og masse publikum. No tek dei sats mot 10-årsjublieet neste år. 

Sara Chen var gjestesolist med Sunnmøre ungdimssumfoniorkester i ein av konsertane i samband med kammermusikkfestivalen.  Foto: Janne-Marit Myklebust

  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

 – Akustisk, ekte, og med ei nær og direkte formidling frå musikar til publikum. Kan musikk kallast edel, så er det dette, seier Robert Skeide, styremedlem og fotograf i Sunnmøre kammermusikkfestival.  Han har vore på nesten alle konsertar, meisterklassar og foredrag under årets festival 2.- 8. september. Han trur festivalen har fått mange sunnmøringar til å opne auga for kor flott kammermusikk kan vere.

– Dette er ikkje ein festival berre for «åndssnobbar». Sunnmøre Kammermusikkfestival skal vere for alle, for barn, ungdom, studentar og vaksne, sier Skeide.  For dei minste hadde festivalen show med Wolfgang Plagge for dei over 300 elevane på Øyra skule i Volda. Festivaldirigent Håkon Daniel Nystedt heldt kurs for musikkstudentar på vidaregåande og festivalmusikarane hadde 21 meisterklassar i song, piano og fiolin. Der fekk unge musikarar i regionen undervisning av dei tilreisande musikarane. For musikkstudentar på Høgskulen i Volda vart det halde open prøve med strykekvartett der studentane fekk sjå korleis dei profesjonelle musikarane jobbar fram musikken og samspelet.

– Eg var på alt saman og det er fantastisk å sjå korleis desse profesjonelle musikarane spreier glede og hjelper unge lokale musikkinteresserte vidare. Men sjølv om alt var flott, vil eg likevel trekke fram komposisjonskurset med vår lokale komponist Magnar Åm, som noko verkeleg spesielt ved årets festival, seier Skeide.  Ungdom frå regionen gjekk på kurs før festivalen og med Åm si hjelp skreiv dei kvart sitt stykke. Åm sette stykka saman til ein suite, som vart framført på Draumekonserten 2. september.

 – Det er utruleg å sjå kor mykje musikk det bur i lokal ungdom og korleis dei kan skape musikk som er verkeleg bra med berre nokre timar med rettleiing, seier Skeide.  

Fyrverkeristart

Heile åtte konsertar vart det i årets festivalveke og festivalleiinga er stornøgd med publikum. Det starta med Draumekonsert med ungdom og fyrverkeriet av ein fiolinsolist Sara Chen. Så kom det gratiskonsertar, opningkonsert, Hareid-konsert, Ørsta-konsert, jensaløda-konsert og avslutningskonsert.

– Det er alltid gøy å sette fram ekstra stolar og det måtte vi på fleire av årets konsertar. Tilbakemeldingane frå publikum har også vore gode og det er jo det beste vi kan tenke oss, for at folk skal kose seg på konsertane er grunnen til at vi lagar denne festivalen, seier Kaja Skatvedt Robak, festivalen sin daglege leiar.  Sjølv var ho særleg begeistra for den siste festivaldagen, som starta med konsert i Jensaløda på Leira og enda med avslutningskonsert i Volda kyrkje.

 – Konserten i Jensaløda vart akkurat så magisk og vakker som eg trudde han ville bli. Naturen der inne er så mektig, vakker og storslegen og saman med musikken og ikkje minst stappfullt hus vart det ei stor oppleving for alle som var der. Avslutningskonserten var også heilt magisk, meiner ho.

– Musikken var ikkje lenger notar, men kjensler som bora seg inn i ein. Særleg verket som avslutta heile festivalen, Svyati for kor og solo cello, er ei oppleving som vil sitte i meg for bestandig, seier Robak. 

Ein tenor utan sidestykkeMusikken lagar seg ikkje sjølv og det ligg mykje øving bak, særleg for festivalmusikarane, der nesten alle har spelt på alle konsertane. Festivalen sine kunstariske leiarar, fiolinist Annar Follesø og komponist og pianist Wolfgang Plagge, hadde lagt opp eit ambisiøst program og kravde det ytterste av musikarane.

– For musikarane er veka veldig intens, med øvingar, undervisning og konsertar frå klokka  ni om morgonen til ni om kvelden. Men dei likar det og alle seier dei gjerne kjem att om dei får lov, sier Robak. Trass i at her var mange flotte augneblink under årets festival, vil nok mange hugse tenoren James Glichrist spesielt godt. Med si enorme formidlingsevne og himmelske røyst tok han pusten frå dei fleste.

– James er ei stor internasjonal stjerne innan klassisk song og vi er svært stolte av at han sa ja til å vere med på årets festival. Å høyre han synge er ei heilt rå oppleving. Det må berre opplevast. Han har tett kalender, men var også svært begeistra for alt han fekk oppleve her og vi vonar han kjem att, seier Robak. No ser festivalen framover. Neste år er det 10-årsjubileum.

– Det er berre å gle seg, seier Robak.