Sylvi Aambø målar for ei betre verd

"Det er nok av triste ting"

– Det er som om det står nokon bak meg og dyttar. Eg kan ikkje forklare det på nokon annan måte. Eg må måle.

Klar til utstilling: Sylvi Aambø opnar «Ei verd i ei verd» på Ørsta kunsthus, laurdag.  Foto: Janne-Marit Myklebust

No til dags får du alt servert på data og TV, og eg er redd vi sluttar å fantasere, at vi ikkje vert deltakande, at vi endar opp som tomme skal

Nyheiter

Sylvi Aambø (71) kan sitje i timevis og stire på eit lerret heime i atelieret i Gamlevegen i Volda. Bruke timar på å finne den rette fargen. Men når ho treff, då veit ho det. Då kjenner ho det i heile seg.

– Det er balanse. Då har eg funne tonen. Eg kjenner det her, seier ho, og tek seg til hjartet.