Kan verte ungdomsskule

Volda kommune kan spare pengar på å nytte Ivar Aasen-huset ved høgskulen til ungdomsskule medan Volda ungdomsskule vert renovert.

Ungdomsskule: Ivar Aasen-huset ved høgskulen kan verte ungdomsskule for ein periode.  Foto: Høgskulen i VOlda

Nyheiter

Ivar Aasen-huset ved Høgskulen i Volda kan for ein periode verte ungdomsskule. Truleg vil kommunen spare pengar på å nytte bygningen medan Volda ungdomsskule vert renovert.

– Vi arbeider med denne løysinga, og det vil truleg vere meir kostnadseffektivt enn å setje opp brakkeløysingar medan ungdomsskulen vert renovert, seier ordførar Jørgen Amdam.