I dag skal det hølje ned

Det har regna mykje det siste døgeret, og det skal regne mykje også det komande.

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Endre Standal på Ytre-Standal melder på Facebook at det det siste døgeret var det mest nedbørsrike så langt i år. Onsdag kom det 67,5 mm nedbør på Ytre Standal.

På Eitrefjell målestasjon vart det målt 51,2 mm nedbør frå kl. 08.00 i går til kl. 08.00 i dag (torsdag).

Vêrmeldinga utover dagen seier at det skal kome mykje regn, om ikkje så mykje som det siste døgeret. Det er meldt sørvest vind, opp i kuling på kysten, og mykje nedbør.

I sommar var slike småbekker heilt turrlagde. No fossar det ned.  Foto: Rune Sæbønes

Mest nedbør vert det tidleg ettermiddag og til kvelden.

Det har også vore ganske kjølig, slik at nedbøren oppe i fjella har kome som nysnø.

NVE vurderer likevel situasjonen som generell trygg. Både når det gjeld flaum og jordskred vert karakterisert som grøn. Det vil seie trygge forhold.