Årets leverandør - for fjerde gong

Årets leverandør for fjede gong: Bygg 1 Produkter på Rystelandet.  Foto: Hellvik Hus

Nyheiter

Det byrjar å likne ei bragd: For fjerde gong er Bygg 1 Produkter AS i Ørsta kåra til årets leverandør, denne gongen for 2018. Tidlegare har Bygg 1 vunne same prisen i 2011, 2014 og 2015.

- Vi i Bygg1 set umåteleg stor pris på utmerkinga. Det er stort at vi hevdar oss så godt i konkurranse med meir kjende og store merkevarer. Byggevarebransjen er stadig i endring, og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden, seier Kristian Ose Silseth, marknadssjef hos prisvinnaren.

Det er medlemane i huskjeda Hellvik Hus som har røysta fram vinnaren frå Ørsta.

Årets pris vart overrekt onsdag 12. september under Hellvik Hus si årlege kjedeleiarsamling, som denne gongen vart arrangert i Stavanger.
I grunngjevinga frå Hellvik Hus står det:
– Flotte produkt
– Svært gode på oppfølging
– Gode rutiner på reklamasjonsoppfølging
– Aktiv medspelar til kjedekontoret.

- Godt samspel med kundane og kjedene sentralt, i tillegg til god logistikk og sørvis er heilt avgjerande for å lykkast.  Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god sørvis  i alle ledd, seier ein nøgd  Kristian Ose Silseth.






!