Vil betale for snøbrøyting

I samband med utbetring av Rotsethorntunnelen i Volda, vil Statens vegvesen ta på seg kostnader ved ev. brøyting av strekket Vatne-Hunnes.

Vil brøyte: Statens vegvesen vil ta på seg brøyting av Vatne-Hunnes.  Foto: Hallvard Yksnøy Bergmann

Nyheiter

Det stadfestar Statens vegvesen i ein e-post til Ørsta kommune.

Rotsethorntunnelen er kvar kveld og natt, utanom laurdag, stengt med kolonnekøyring mellom klokka 19.00 og 07.00.

– Bruk av Vatne-Hunnes som avlastingsveg krev avtale om brøyteberedskap og brøyting ved snøfall, ettersom vegen ikkje er vinteropen, skriv kommunen til vegvesenet.

– Vi jobbar med ei løysing på avtale med ev. brøyting. Vi er innforstått med at brøytekostnad som vi bestiller vert ein kostnad som prosjektet med Rotsethorntunnelen ber, svarar Arne Ola Stavseng i vegvesenet.