NAV møtte arbeidsgjevarar

På sjukmeldingstoppen

Ørsta ligg på fylkestoppen når det gjeld sjukmeldingar. Tysdag møtte NAV lokale arbeidsgjevarar.

Sjukefråvær : Oversikta viser at Ørsta har det høgaste sjukefråværet på Sunnmøre, og det nest høgste i Møre og Romsdal. Og det har auka i Ørsta sidan i fjor, medan trenden er nedgang. Illustrasjon: NAV 

Nyheiter

Rundt 40 leiarar og personalansvarlege ved bedrifter og offentlege etatar møtte opp på frukostmøtet, som var eit samarbeid mellom NAV, Ørsta næringskontor og Volda næringsforum.