Hadde 1,2 i promille, truga lege og var valdeleg mot politiet

Ein mann i 20-åra må sone 42 dagar i fengsel og betale 13.000 kroner i bot for ei rekkje lovbrot inkludert trugslar og promillekøyring.
Nyheiter

I juli i fjor fekk politiet melding om mistanke om ruskøyring i Volda. Politiet den aktuelle bilen parkert utan ein bustad med den tiltalte mannen i førarsetet. Mannen såg ut til å sove medan bilmotoren framleis gjekk. Mannen vart teken med for utvida blodprøve. Tiltalte ville ikkje setje seg på venterommet og kom i basketak med politiet. Mannen spente bein under den eine politibetjenten samtidig som han tok han rundt halsen hennar. Situasjonen løyste seg raskt.