Får kjøpe julelys til Vikegata

Ørsta kommune seier ja til at nemnda for pynting av Vikegata får bruke 78.000 kroner til å kjøpe inn felles julelys i Vikegata.

Vikegata: Nemnda for pynting av Vikegata har fått løyve til å bruke 78.000 kroner til julelys. 

Nyheiter

I søknaden står det at det er ønske om å bruke 78.000 kroner av dei 300.000 kronene formannskapet har løyvd til tiltak i Vikegata, til å kjøpe felles julelys. Det er planar om å samordne dette med Amfi-senteret.

– Etter samråd mellom rådmann og ordførar vert tiltaket vurdert å vere i samsvar med intensjonen som formannskapet hadde då det vart løyvd 300.000 kroner til tiltak i Vikegata, og søknaden om innkjøp av julelys er komen i møte, skriv ass. rådmann, Eldar Øye, til nemnda for pynting av Vikegata. Lysa skal opp i år.