Nøvedalselva

– Ei utbygging vil ha skadeleg konsekvensar for landskap, biologisk mangfald og friluftsliv/turisme

Fylkeskommunen frårår godkjenning av planane om småkraftverk i Nøvedalselva.

Synfaring: Formannskapet, saman med samfunnsutvalet, har vore på synfaring for å studere området der det er planar om utbygging av Nøvedalselva. Elva ligg midt i bildet i bakkant. Her orienterer avdelingsleiar Gunnar Wangen frå kommunen. Foto: Janne Marit Myklebust  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Fylkeskommunen slår fast at det vil bli stilt krav om arkeologisk registrering i tilknyting til detaljplanen for utbygginga. Dei meiner og at ei utbygging vil ha negative konsekvensar for friluftsinteressert.


Politikarane lytta til grunneigarane på Standal

Sa ja til Nøvedalselva

Formannskapet har samrøystes sagt ja til utbygging av Nøvedalselva.



Går imot utbygging av Nøvedalselva ved Standal

Rådmannen går imot ei utbygging av Nøvedalselva

 

– Turstien opp langs Nøvedalseleva er av nasjonal verdi og registrert i temakart for friluftsliv i kommuneplanens arealdel.

Området kraftverket ligg er i området som regjeringa har definert som utvalt kulturlandskap.


Her vil dei byggje kraftverk

Småkraft AS har søkt NVE om konsesjon til å byggje ut Nøvedalselva kraftverk på Standal. Dette vil eventuelt verte det tredje kraftverket på Standal.

 

– Ei utbygging vil ha skadeleg konsekvensar for landskap, biologisk mangfald og friluftsliv/turisme.

Fylkeskommunen peikar og på verdien av inngrepsfri natur.

– Vassdraget er utan større fysiske inngrep, medan mange vassdrag i kommunen er berørt av utbygging. Dette tilseier vern av vassdraget.