Vil ha Lied på fylkestinget

Nominasjonsnemnda i Møre og Romsdal Senterparti foreslår Per Ivar Lied (48), Ørsta, på sjetteplass på lista til fylkestingsvalet.

Kampkandidat: Nominasjonsnemnda i Sp vil ha Per Ivar Lied på sjetteplass på lista til fylkestingsvalet.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Nominasjonsnemnda var klare med sitt forslag måndag, og med Lied på sjetteplass, vert det ein av kampkandidatane.

I dag har Senterpartiet fem mandat på fylkestinget, men ligg etter meiningsmålingane an til fleire mandat komande år enn i inneverande periode.

Lied har tidlegare vore representant på fylkestinget, men då representerte han Stranda kommune. Han har to periodar bak seg som vararepresentant til Stortinget, og han har vore rådmann i Stranda kommune. I dag arbeider han som rådgjevar i Ørsta kommune.

Han har også bak seg ein karriere i utanrikstenesta.

Nominasjonsnemnda til Møre og Romsdal Senterparti foreslår Kristin Marie Sørheim, Tingvoll på fyrsteplass, Geir Inge Lien, Vestnes på andreplass og Jan Ove Tryggestad, Stranda, på tredjeplass.

Ola Perry Saure, Ørsta, er foreslått på femtandeplass.