567 bygningar, hytter og seterhus skal få adresse

– Dette er spennande. Skal ein snakke usemje med folk bør ein diskutere namn. Men det går seg som regel til.

Får namn: Øyasetra i Follestaddalen skal framleis heite - Øyasetra, er kommunen sitt framlegg når «gamle» Ørsta no skal få adresser.  Foto: Nelly Perdy Øye

Kjenslene vert sterke når det gjeld namn

Magne Krumsvik
Nyheiter

Rådgjevar for kultur og fritidssaker i Ørsta kommune, Jostein O. Mo tok denne noko humoristiske innfallsvinkelen når startskotet no går for å namnsetje «gamle» Ørsta, namn på vegar, setrar, hytteområde og meir.

Alle bebygde område med fast busetnad i Ørsta kommune har no fått tildelt vegadresse. Det handlar om 5.445 vegadresser til no.

Å fastsetje namn på setrane og meir er ei vidareføring av dette adresseprosjektet som er eit adresseringsprosjekt med nasjonal og kommunal målsetjing.

No står det att 567 bygningar, hytter og seterhus som skal få vegadresse, vegnamn og husnummer) eller områdeadresse, til dømes setrenamn og husnummer.

Nokre av vegane til setrar og hytteområde har tidlegare fått vedtekne vegadressenamn.

No vert levekårsutvalet beden om å vedta namn til dei tilkomstvegane som fører fram til hytter og setrar.

Vidare skal levekårsutvalet vedta områdenamn for setrane, både dei som har og ikkje har køyrbar bilveg.

Viktig

– Dette er ei viktig sak, for det handlar om at ein skal finne att folk i det digitale systemet – kvar personar og bygningar finst, sa Jostein O. Mo då levekårsutvalet fekk saka på bordet.

Ikkje minst for naudetatane er det viktig at dei veit kvar dei skal når ein kritisk situasjon oppstår.

Levekårsutvalet har vedteke å leggje ei rekkje namn ut på høyring. Dette byggjer på opplisting og kartvedlegg frå oppmålingsavdelinga i kommunen. Det er også teke med tilsvarande referanse frå seterregistreringa i 1994.

– Framlegga til namnsetjing har stort sett kome fram av kjende namn og lokalitetar, seier Mo i saksutgreiinga.

Omfattande

– Dette er ei omfattande sak, og namnesaker er alltid spennande, ikkje minst når vi no skal til fjells. Det er ikkje lagt inn provoserande framlegg, men det vil overraske meg dersom det ikkje kjem innspel i høyringa, sa Mo.

– Kjenslene vert sterke når det gjeld namn, sa Magne Krumsvik (Frp) medan rådmann Wenche Solheim peika på at slike saker handlar om krevjande fagområde og at det er viktig med innspel.

– Det er utruleg viktig, namna døyr ut viss det ikkje kjem innspel, sa rådmannen.

I neste runde er det tidlegare Vartdal og Hjørundfjord kommunar sin tur til å få fastsett namn på vegar, setrar, hytteområde og meir.

Ingen av namna vert skilta, men alle vert skrivne i kart.