Maya og Marie opna dørene i Vikegata

– Vi gler oss til å kome i gang

Tysdag morgon opna Maya og Maries klipp og barberstue dørene i Vikegata. Med større lokale har staben til verksemda og blitt utvida.

På plass i Vikegata: Tysdag opna Maya og Maries klipp og barberstue dørene. F.v. Melanie Reimer, May-Linn Blomvik, Marie Kristine Sande Aina England og Kamilla Lannerholm. 

Vi ønsker også å vere med på å lage meir liv i Vikegata, og det vonar vi at får til

May-Linn Blomvik
Nyheiter

I 2013 etablerte May-Linn Blomvik seg med frisørsalongen Mayas Drop-In Herrefrisør på hjørnet av det gamle Meieribygget i Ørsta. Året etter kom Marie Kristine Sande inn i staben, og no har kollegaene gått saman om Maya og Maries klipp og barberstue. Etter ein hektisk periode med flytting og klargjering av det nye lokalet vart dørene opna tysdag morgon.